FOK – Forening for kjønnsforskning i Norge – inviterer til diskusjon

2016 har så langt vore eit innhaldsrikt år for norsk kjønnsforsking, og mange forskingspolitiske spørsmål har dukka opp. Diskusjonane har vore friske blant anna under ulike lokale seminar med fokus på forskingsfrontar, men kanskje særleg i kjølvatnet av den nye boka til Bjarne Riiser Gundersen, og den føreståande stortingsmeldinga om humaniora si rolle og relevans. Det er på tide at me tar eit steg tilbake og reflekterer over det som har vore.

Er det slik forskingsjournalist Bjørn Vassnes hevdar (Klassekampen 09.06.16, 18.06.16) at hjernevaskdebatten avslørte poststrukturalismen/-modernismen, og at store delar av den norske forskinga mista kontakten med kunnskapsutviklinga? Har denne kritikken gått hardast ut over kjønnsforskinga, og kanskje særleg humanistiske kjønnsforskarar?

Gundersen (2016:17–18) spør treffande: «Hva var det egentlig som skjedde da poststrukturalistisk filosofi fra det franske 1960- og 1970-tallet løp sammen med postmoderne kulturteori fra USA i samme periode, og dette allerede i utgangspunktet merkelige idéhistoriske partnerskapet fusjonerte med norsk sosialdemokrati på 1980-tallet?» Er det slik at det me kallar poststrukturalismen/-modernismen er over? Er det mogleg å «unngå å kaste en hel epoke ut med det åndshistoriske badevannet, og isteden undersøke om postmodernismen også, muligens, kanskje, brakte med seg noe av verdi?»  Kan det tenkast at problemstillinga har vore fiktiv? Kanskje har ikkje denne debatten eigentleg dreia seg om poststrukturalismen/-modernismen i det heile, men subjektive forskarar, og ikkje minst kva som var/er formålstenleg for den institusjonaliserte (kjønns)forskinga, i sær med tanke på at denne er godt planta i eit statsfinansiert og instrumentelt system? Er det i dag slik at (delar av?) kjønnsforskinga er marginalisert på grunnlag av fokus og teoretisk ståstad, og automatisk stiller i andre rekkje ved tildeling av prosjektmidlar?

Det kan i alle fall sjå slik ut. Forskingsrådet er over tid kritisert for ikkje å ta kjønnsforskinga på alvor: I 2011 vart program for kjønnsforsking avslutta av forskingsrådet, og i staden skulle kjønnsperspektiv inngå i forskingsprosjekt på ulike fagfelt. Dette er langt frå praksis, og i fjor vart det difor utarbeida eit skriftleg forslag til nasjonal infrastruktur for kjønnsforsking og integrering av kjønnsperspektiv i forsking. Ein konsekvens av dette er at Forskingsrådet nyleg har oppretta eit eige utval av nettopp kjønnsforskarar med formål å styrkje kompetansen på spørsmål om kjønn- og likestilling. Kva skjer når programstyret byrjar å overstyre utvalet sine innstillingar med påskot om manglande relevans? Er det her snakk om eit skinnbedrag, og eit utval utan reel påverkingskraft? Kva for strategiar bør kjønnsforskingsfeltet ha i tida framover?

Ved Universitetet i Oslo jobbar ein i desse dagar fram eit stort livsvitskapsprosjekt som skal finansiere fleire såkalla konvergensmiljø (forskingsgrupper med samarbeid på tvers av konvensjonelle faggrenser) med uttala hensikt å sikre kvalitet og relevans. Kjernefaga er biologi og medisin, men HUMSAM-faga vert oppmoda om å bidra med relevant forsking. Igjen ser ein altså dette fokuset på relevans, og her klart knytt til biologi/medisin. Kva konsekvensar får slike (påtvinga?) samarbeid for fagområdet vårt? Er dette berre positivt? Er det slik at me må gå i fagleg spagat for å vere relevante, eller er me faktisk meir relevante om me held fast på vår meir tradisjonelle posisjon som ei form for «motvekt» til nettopp biologiske forklaringsmodellar? Eller bør norsk kjønnsforsking la seg inspirere av den internasjonale arenaen der for eksempel posthumanistiske perspektiv er fundert på ein måte som intervenerer med, og går i direkte dialog med naturvitskap og teknologiske felt? Det er vel eigentleg ikkje eit spørsmål om enten eller, men heller ja takk, begge delar.

Ein snakkar gjerne om eit generasjonsskifte, og kva for konsekvensar eit slik skifte kan få for kjønnsforskingsfeltet. Kva inneber eigentleg dette skiftet? Er uro for framtida grunna i frykt for det som er nytt/uvilje til endring aleine, eller er noko djupare på gang? Er heile fagfelt (slik me kjenner dei) i fare, eller berre i naturleg (radikal?) endring? Kva står på spel i debattar om fagfelt, retningar og posisjonar? Korleis kan kjønnsforskinga stå seg som fagfelt, men likevel bevare eit tverrfagleg fokus? Kan kjønnsforskingsfeltet lære noko av prosessen humaniora går gjennom?

I eit innlegg i Aftenposten (26.04.2016) reflekterer rektor ved UiO og UiB, samt dekan ved Det humanistiske fakultet ved begge institusjonar, over humaniora si rolle og relevans. Dei slår fast at «et samfunn som kun interesserer seg for øyeblikket, nåtiden, økonomisk nytte og akutt problemløsning ikke er levedyktig. Å kjenne historien og ha et kritisk forhold til den er vesentlig for samfunnsutviklingen». Slik kan ein også forstå Sasha Roseneil (NORA 19 (2):130 (2011)) når ho manar til eit klart «øyre til fortida, eit auge til framtida, og fokus på mangfaldet av måtar å leve notida på». Kanskje tyder dette på at eit tettare og meir tverrfagleg samarbeid med dei humanistiske faga er det som skal til for å gi musklar nok til å tvinge fram endring, og betre vilkår, for norsk kjønnsforsking i tida framover?

Det er på tide at me som kjønnsforskarar kjem ut av dvalen (me har vore i sidan hjernevaskdebatten?), strekk ut ryggen og løfter haka, og viser kva me har å fare med. Foreininga oppmodar kjønnsforskingsmiljøet til å ta del i desse diskusjonane, reflektere over potensielle konsekvensar, etablerte og nye tendensar innan kjønnsforskingsfeltet – i fortid, notid og i nær framtid – i Noreg og internasjonalt? Korleis er det med tankegodset frå poststrukturalismen/-modernismen, og balansen til andre teoriar og fagtradisjonar? Er me så tverrfaglege som me likar å tru? Korleis kan me best fremje  relevansen vår, og slik styrkje våre sjansar for meir kjønnsforsking, og midlar til å drive ho, i tida framover?

Foreininga ser for seg diskusjon av desse problemstillingane i tidsskriftet, men vil også jobbe med å finne ein passande arena, kanskje KjønnsforskningNÅ!, der me har tid og armslag til å diskutere i fellesskap. Formålet er ikkje å dvele ved det som har vore, men reflektere over, lære av, og nytte denne lærdomen til å gjera fagfeltet vårt sterkt og relevant i møte med framtida.

For styret,
Reinert Skumsnes