Innspill til forskningsmeldingen 2004

FOKKs innspill til forskningsmeldingen fra Utdannings- og forskningsdepartementet

Til

Utdannings-og Forskningsdepartementet,
Forskningsavdelingen,
Postboks 8119,
Dep 0032 Oslo

Alta, 16.05. 2004

INNSPEL TIL FORSKINGSMELDINGA

Foreningen for Kvinne- og kjønnsforskning i Norge (FOKK) er ei frivilleg, fagleg foreining som vart skipa våren 2002. Foreininga har som hovudmål å arbeide for å styrke kvinne- og kjønnsforskinga nasjonalt og internasjonalt gjennom å stimulere og initiere til fagleg diskusjon, samarbeid og kontakt og fungere som eit nasjonalt talerør på forskingsfeltet. Og som nasjonalt talerør for forskingsfeltet, vil FOKK med dette kome med innspel til den nye forskingsmeldinga.

FOKK ønskjer at to typar satsingar på kvinne- og kjønnsforskingsfeltet blir føreslått i den nye forskingsmeldinga:

1) Løyving av insentivmidlar for å oppfylle intensjonen om ’mainstreaming’ (integrering av kvinne- og kjønnsperspektiv) innan alle forskingsprogram og prosjekt.

2) Etablering av et omfattande nasjonalt tverrfaglig kvinne- og kjønnsforskingsprogram

Bakgrunn

I forhold til dei ambisjonane som vart skissert i den føregåande forskingsmeldinga: ”Forskning ved et tidskille” står norsk forsking så vel som vårt forskingsfelt: kvinne og kjønnsforskinga overfor ei rekke nye og omfattande utfordringar. I ”Forskning ved et tidsskille” vart det blant anna slått fast at det må leggast sterkare vekt på kvinneperspektiv innanfor ei rekke fagområde. Dette er det framleis viktig å følgje opp, samtidig som dei faglege utfordringane som kvinne- og kjønnsforskinga no står overfor i møte med eksplisitte mål om integrering av kvinne- og kjønnsperspektiv eller såkalla ”gender mainstreaming” i alle forskingsprogram og prosjekt, er langt meir omfattande.

I Europarådets rapport om utfordringar i mainstreamingsstrategien (Rapport frå spesialistgruppa om ’gender mainstreaming’; EG-S-MS, 1998) blir det påpeika at føresetnadene for å få til ein effektiv likestillingspolitikk bygd på mainstreaming-strategiar, er tilgang på tilstrekkeleg kunnskap om korleis kjønn som dimensjon verkar konstituerande, differensierande og strukturerande på sosiale relasjonar og samfunnsforhold . Det betyr at eit effektivt ”mainstreamingsarbeid” må vere bygd på forskingsbasert kvinne- og kjønnskunnskap

Kvinne – og kjønnsforskinga i Noreg har gjennom snart tretti år produsert kunnskap om kvinner og menns kvardagsliv og levekår, og kva kjønn betyr i slike samanhengar. Feltet har utvikla seg gjennom satsingar på ein dobbel strategi; både gjennom å integrere kunnskapen i eksistrerande fagmiljø (mainstreaming), og gjennom å bygge opp eigne tverrfaglege kvinne- og kjønnsforskingsmiljø, til dømes som kvinne- og kjønnsforskingsentra ved universiteta.

I dag er kvinne- og kjønnsforskinga eit fagfelt prega av utvikling og mangfald og med stor pågang av interesserte forskarar. Dei etablerte forskingsmiljøa må likefullt karakteriserast som små og passar slik dårleg inn i trenden med satsing på store fagmiljø. Ein politikk med satsingar på store miljø, vil for kvinne- og kjønnsforskinga bety både utarming av små miljø og nasjonalt mangfald. Det blir difor viktig å sørgje for at det skjer ei brei og kontinuerleg overrisling av ressursar, slik at dei gode og dynamiske miljøa som allereie finst innanfor den eksisterande organisasjonsstrukturen får vekstvilkår. For å skape fornying, samt medverke til mangfald og vidareutvikling av spisskompetanse, er tilgang på fleire faste stillingar og rekrutterings stipend så vel som styrking av nasjonal infrastruktur nødvendig.

Satsingsområde for implementering i forskingsmeldinga

Med utgangspunkt i dei utfordringar som er skissert over, vil FOKK som nemnt føreslå to satsingar for kvinne- og kjønnsforskingsfeltet:

  1. Løyving av insentivmidlar for å oppfylle intensjonen om mainstreaming (integrering av kvinne- og kjønnsperspektiv) innan alle forskingsprogram og prosjekt.
  2. Etablering av eit omfattande nasjonalt tverrfagleg kvinne- og kjønnsforskingsprogram.

Ad 1: Mainstreaming av kvinne- og kjønnsforskingsfeltet

Kvinne- og kjønnsforskinga har brei tverrfaglig relevans. Innsatsen og kompetansen er likevel ujamt fordelt mellom ulike fagområde. På denne bakgrunn ser vi eit særleg behov for spesifikke tiltak for å integrere kvinne- og kjønnsforskingskunnskap på fagområde der denne hittil har vore lite representert (mainstreaming).

Vi føreslår ein strategi for mainstreaming, der det løyvast insentivmidlar som alle forskingsprogram eller -prosjekt kan søke midlar frå, for å utvikle og integrere kvinne- og kjønnsperspektiv. Slike midlar bør administrerast av NFR. Insentivmidlar bør være innretta slik at miljø, der kvinne- og kjønnsperspektiv tradisjonelt ikkje har vore representert, blir stimulert. Dette vil medverke til å auke og utvide kompetanse og kunnskap på nye fagområde.

For å sikre at insentivstrategien skal bli effektiv, må prosjektsøknadene dokumentere at prosjektmedarbeidarane har kvinne- og kjønnsforskingskompetanse. Dette kan skje ved at kvinne- og kjønnsforskarar blir invitert inn på nye område. Ei slik utveksling vil stimulere til tverrfagleg samarbeid og nye møteplassar, samtidig som det representerer ei nødvendig kvalitetssikring av forskingsfeltet. .

Ei initiering av denne type insentivmidlar vil dessutan vere i tråd med EU- strategi for implementering av ’gender mainstreaming’ i forsking. I prosjektsøknader til EU sitt 6. rammeprogram, var det blant anna krav om at alle søknader skulle innehalde ei vurdering av korleis kjønnsdimensjonen var ivaretatt og gjort relevant i dei ulike prosjekta (evt. kunne argumentere for kvifor den ikkje var relevant ).

Ad.2: Tverrfagleg, nasjonalt kvinne- og kjønnsforskingsprogram

Internasjonalt har kvinne- og kjønnsforskinga utvikla seg til eit eige forskingsfelt; med kjenneteikn som gjelder for etablerte akademiske felt: eigne institutt og sentra, eigne undervisningsprogram, eigne internasjonale organisasjonar, nettverk, konferansar og internasjonale tidsskrift. Det finnes bibliotek, databasar, handbøker og andre referanseverk med oversyn over internasjonal kvinne- og kjønnsforsking. Dei fleste akademiske forlag utgjev også eigne katalogar for ”Women’s and Gender Studies”. Om Noreg framleis skal vere ein viktig medspelar i denne samanheng, må kvinne- og kjønnsforskinga som eige fagfelt styrkast.

Ein vellykka mainstreaming-strategi har, som vi har vore inne på, som føresetnad at det finst sterke forskingsmiljø som har kjønn som gjennomgåande perspektiv og hovudtema. Grunnlaget er stabile og sterke miljø, som kan utvikle spisskompetanse, fasthalde tverrfaglegheit og mangfald, samt sikre at forskarrekruttering og forskarutdanning får tilstrekkeleg merksemd. Noreg var tidleg ute med å institusjonalisere kvinne- og kjønnsforskinga som eige fagområde, men forskingspolitikken dei seinare åra har ikkje følgt opp denne satsinga. Og dersom vi skal kunne konsolidere og vidareutvikle den kompetanse som er bygd opp, må kvinne- og kjønnsforskinga tilførast meir ressursar.

Mangel på samfunnsrelevant kunnskap kan identifiserast på ei rekke sentrale område. Vi vil vidare gi nokre døme på slike område og faglege utfordringar for forsking innanfor desse:

· Medisin, kropp og helse: Her trengs forsking som har fleire møtepunkt mellom naturvitskapeleg, samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking, der livstilssjukdomar/folkesjukdomar og kvinner/menns helse, blir tematisert ut frå eit meir heilskapleg fokus, og der forholdet mellom natur og kultur blir gjenstand for problematisering.

· Forholdet arbeidsliv/ familieliv: Eit arbeidsliv som blir stadig tøffare, har konsekvensar for familielivet. I denne samanheng vil det vere viktig å utforske kva refleksjonar om likestilling som finns i det moderne arbeidslivet, og vidare korleis endringar i velferdsstaten samverkar med et kjønnsdifferensiert arbeidsmarknad og påverkar kvinner og menns muligheiter for familieliv og deling av omsorgsoppgåver.

· Globaliseringsprosesser, multikulturalisme og normkonfliktar: Vi treng meir kunnskap om sosial integrasjon og fragmentering knytt til nye koplingar mellom etnisitet, kjønn og klasse. Kjønn er blant anna ein markant dimensjon i pågåande konfliktar mellom religion og vestlege likestillingsstrategiar.

· Urbanisering, kjønn og regional utvikling: Vi ser i dag eit busetjings- og flyttemønster i distrikts-Norge som ber preg av ulike kjønna muligheiter for arbeid og fritidsliv. Dette har store konsekvensar for regional utvikling og er lite utforska.

· Teknologi og innovasjon Det har hittil vore lite merksemd retta mot korleis kjønn påverkar teknologiske prosessar frå innovasjonsfase, produktutvikling og design til forbruk. Det er også eit spørsmål korleis og i kva grad, teknologien blir forstått som kjønna. Det å forstå samspelet mellom teknologi, innovasjon og kjønn er avgjerande for å utvide feltet for nyskaping.

· Kjønn, oppvekst og utdanning. Vi ser i dag tendensar til nye former for kjønnsdifferensieringar, t.d. ved at jenter på enkelte måtar står fram som utdanningssystemets ”vinnarar.”. Det blir viktig å utforske kva desse tendensane utrykker og kva konsekvensar dei kan få for likestilling og for samfunnsutviklinga meir generelt.

· Kulturindustrien i det seinmoderne: I informasjons- og mediesamfunnet har symbol- og meiningsproduksjon fått auka betydning og makt, og media har blitt ein sentral arena for politikk. I denne offentlegheita ser vi eit stadig sterkare innslag av intimisering og seksualisering. Kva konsekvensar dette har for kjønnsmessig identitetsutvikling, likestilling og frigjøring er lite utforska.

· Individualisering, rettar, kjønn og seksualitet. Den siste maktutgreiinga var delt i spørsmålet om forholdet mellom formelle rettar og demokrati. I spørsmål om underliggjande normalitetsførestillingar ved omgrep som demokrati, kunnskap, moral, er kjønn ein god analytisk nøkkel. Samtidig blir kjønnsomgrepet også utfordra i dette, i møte med det heteronormative paradigmet. Heteroseksualiteten har lenge representert ein stabil og udiskutabel premiss i dominerande kjønnsforståingar. Kva skjer med denne kjønnsforståinga når den blir utfordra ved at andre seksualitetar krev rett til aksept?

· Kjønnsforsking og HIV/Aids. Når det gjeld HIV/Aids-forskinga ,er forsking på samliv og kjønnsrollersvært sentralt og lite utforska.

Kvinne- og kjønnsforsking og kvinner i forsking

Som vi har påpeika vil ei større og tverrfagleg satsing på kvinne- og kjønnsforsking vere nødvendig som kunnskapsgrunnlag for å kunne oppnå ei effektiv mainstreaming av kjønn, både i vitskapssamfunnet og i samfunnet elles. Men eit større kvinne- og kjønnsforskingsprogram vil også få synnergi-effektar på andre prioriterte område, blant anna rekruttering av kvinner til vitskapelege stillingar. I tilegg til å medverke til å auke vår generelle forståing av kjønn og kva for mekanismar som skaper kjønnshierarki, har kvinne- og kjønnsforskingsfeltet hittil primært rekruttert kvinner. Både Forskning ved et tidsskille og rapporten Kvinner i forskning – fra kvotering til integrering har vektlagt øyremerking av vitskapelege stillingar som viktige likestillingsstrategiar. Øyremerking av stillingar til kvinner er som kjent ikkje lenger lovleg praksis i Noreg, og nye tiltak er i gang for å rekruttere fleire kvinner. Ettersom kvinnedelen av vitskapelege stillingar i FoU-sektoren samla sett er fallande, er det eit auka behov for satsing på forsking som har søkelys på samanhengar mellom vitskap og samfunn, der betydningar av kjønn står sentralt.

Med venleg helsing
Foreningen for kvinne- og kjønnsforskning i Noreg
Jorid Hovden
Leiar av Foreningen
(1.amanuensis, Høgskolen i Finnmark)