Kva med 2017?

I Forening for kjønnsforskning diskuterer vi kva konsekvensar Open Access får for framtida vår.

Sidan oppstart av foreininga i 2002 har delar av kontingenten gått til å dekke abonnementet for Tidsskrift for kjønnsforskning (4 tidsskrift tilsendt årleg). Denne koblinga av tidsskrift til medlemskap har nok fungert som ei gulrot for å delta i foreininga.

Til neste år vil Tidsskrift for kjønnsforskning bli Open Access og papirversjonen vil forsvinne. Dette har mange sider, men mest direkte her og nå vurderer vi konsekvensar dette får for medlemstalet og økonomien til å drifte foreininga.

Det vi må fokusere på framover er tiltak/strategiar som sikrar at noverande medlemmar ikkje melder seg ut (119 medlemmar pr. 1. april 2016), men kanskje enno viktigare, kossen auke talet på medlemmar gjennom aktiv (ny)rekruttering.

Vi har som målsetting å overtyde kjønnsforskarar, både dei institusjonsbaserte på sentra, men og meir uavhengige forskarar og andre interesserte om at Forening for kjønnsforskning er viktig som stimulator/motivator til kritisk kjønnsforsking i Noreg. På styremøtet vårt den 18. mai var dette hovudtema. Vi har fleire idear:

  • Oppdaterte og relevante nettsider – både på no og Facebooksidene.
  • Ein «flyer» som promoterer medlemskap i foreininga, både nett- og papirversjon
  • Årleg arrangement i foreiningsregi – t.d. knytt til kurset i Forskerskolen på Sundvollen
  • Arrangementstøtte til stipendiatar/andre for å delta på relevante konferanser med paper
  • Støtte/mindre stipend til ferdigstilling av skriftleg materiale/artiklar
  • Krav om medlemskap for deltaking på visse arrangement – t.d. Kjønnsforsning NÅ / Nordiske kjønnsforskerkonferanser

Vil elles nemne at kontingenten for medlemskap kan bli noko redusert som konsekvens av Open Access. Vi legg opp til ein grundig diskusjon om Forening for kjønnsforskning på Fagrådet for kjønnsforskning sitt møte på STK i oktober.

Men viktig: Utgangspunktet for arbeidet vårt framover er at det skal lønne seg å vera medlem i foreininga!

For styret,
Lise Nordbrønd