Nyhende frå FOK Forening for kjønnsforskning i Norge

Mars 2017

Hugs å fornye medlemsskap

Kilden v/Toril Enger vil innan kort tid sende dykk ein faktura for innbetaling av kontingenten. Dette vil bli sendt til dykk som har betalt for medlemskap i 2016, til nye medlemmar som ikkje tidlegare har vori tilsendt faktura, samt til alle dei som betalte i 2015.

Ein kan også signere medlemsskap på våre heimesider.

Viktig:
Ordinært medlemskap: kr. 300,-
Student-/seniormedlemskap: kr. 200,-

FOK frikopla frå Tidsskrift for kjønnsforskning

Overgang til Open Access for Tidsskrift for kjønnsforskning medføre at FOK medlemsskap ikkje lengre gir abonnement på tidsskriftet.

Neste nummer av tidsskriftet kjem ut som Open Access i mai. Om de ønskjer varsling om når neste nummer er klart – registrer deg på IDUNN her.

Kjønnsforskning NÅ 2017

Den nasjonale fagkonferansen i kjønnsforskning i Norge arrangeres i år av Senter for tverrfaglig kjønnsforskning ved UiO 8.-9. juni i år.  Dette er den sentrale møteplassen for norske kjønnsforskarar og studentar der ein vert kjent med andre i fagmiljøa og kan inngå i nye nettverkssamarbeid. For meir informasjon sjå her.

Viktig:
Dokumentert medlemskap i FOK gir ein reduksjon i konferanseavgifta på kr. 200,-. Stor honnør til STK for ei slik støtte til FOK!

Generalforsamling FOK

FOK arrangerer generalforsamling i tilknytning til Kjønnsforskning NÅ – 8. juni.
I forkant av generalforsamlinga arrangerer vi to fagpanel: eit panel vil ta for seg Humaniorameldinga, det andre Evaluering av Balanseprogrammet i NFR.

Meir informasjon kjem om dette – følg med på nettsida vår og Facebooksida.

Innspel og kommentarar er velkomne!

NORA-konferanse på Island 23.-25. mai 2018

Styret i NORA består av 1 representant frå kvar av dei nordiske foreiningane for kjønnsforsking i Norden. FOK er representert i NORA-styret ved Hilde Danielsen, UiB.

Styret har ansvar for å finne redaktørar til NORA – Nordic Journal of Feminist and Gender Research, men styret har og vedtatt å arranger den nordiske kjønnsforskarkonferensen på Island i 2018.

Viktig:
Arbeidsgruppa for konferansen har behov for nok ein representant frå FOK.
Er du interessert – ta kontakt med styret, eller direkte med Hilde, Hilde.Danielsen@uni.no

 Nyttig frå Kilden

Kilden og FOK har i alle år vori samarbeidspartnarar.  Årleg arrangerer vi Nasjonalt kontaktmøte for kvinne- og kjønnsforskning i tilknytning til møta i fagrådet. Kilden er elles sentral i høve til vedlikehald av medlemslister, sender ut fakturar m.m og fungerer som forretningsførar for FOK.

Følgjande aktivitetar i regi av Kilden kan vera av interesse:

  • Nyhetsbrev – på norsk
  • Nyhetsbrev – på engelsk (røysle med at dette vert høgt verdsett ute i verda!)
  • PODCAST – Kjønnsavdelingen – Samarbeid Kilden/Agenda! Spanande.

1. mars 2017
FOK v/arbeidsutvalet:
Lise Nordbrønd, leiar
Trine Rogg Korsvik, nestleiar
Reinert Skumsnes, styrerepresentant